Novemberdikt
Unnskyld
at eg vekte deg, mamma
sa veslegut,
la armen kring halsen min og pusta sakte,
han
viste meg inn i draumens
palass,
eller
var det ned i jordas djupe søkk,
jau,
me dro nedover, den natta,
dit
inga sanning finns,
me
dro dit stjerna lyser fra botnen av vatnet,
og fiskane sym
på himmelen,
men
han kom så varsomt, vesleguten, den natta,
mens
eg lå stille, i mitt eige djup,
og
ikkje venta,
unnskyld,
sa han, veslegut,
at eg vekte deg, mamma, sa han, og var varm av dyna, men fraus likevel,
i vinternatta, på bare føter
og i boxershorts,
unnskyld,
sa han, og tok meg med inn i draumen sin,
og lydsporet var Nick Cave,
ja, du veit korleis det er,
nokre gonger syng dei framleis, dei syng framleis,
du berre lyttar, der i
natta,
into my arms,
song Nick Cave,
into my arms, oh Lord, song han,
men eg veit ikkje om han
meinte det eg trur han meinte,
eg berre lytta, å, min Gud,
eg berre lytta,
mens gutens far snorka
djupe drag av nattens luft,
eller var det djupe drag av
draum eg høyrde,
drag av draum, utan
sanning,
into my arms,
song han, utan mikrofon, og eg smilte,
med stjerneteppet over meg,
på kanten av madrassen,
og den mjuke armen til veslegut kring halsen,
unnskyld, mamma, sukka
han og eg så himmelen opna seg,
eit glitrande hav av håp,
av salt sjø, av ordlaus frykt,
frykt for å mista, oh Lord, into my arms,
unnskyld? Nei, aldri,
vekk meg igjen, veslegut,
eg er jo her for deg,
for du finn orda mine, og
set dei på plass,
i nattas draumepalass,
eller var det djupe søkk,
vekk meg igjen,
og igjen, mens eg ligg
stille,
i mitt eige djup,
og ikkje ventar.